Om oss i Datastyr

Systrene som ikkje har slutta å leike seg

Kurshaldarane i Datastyr er systrene Ingvild Steinsvik Mork og Silja Haddal Mork. I familien deira lever generasjon på generasjon etter mantraet «aldri slutte å leike seg». Denne veremåten tek Ingvild og Silja med seg i kursa sine. Det skal vere kjekt å vere på kurs med Datastyr. Det betyr kaffi, kake og høg latter – og mykje læring.

Silja Haddal Mork

Silja Haddal Mork

Silja er utdanna grafisk designer ved Arts University Bournemouth. Ho har i over 15 år jobba i ulike reklamebyrå og marknadsavdelingar i Storbritannia og Norge. Elles har ho undervist på Høgskulen i Volda, Noroff School of Technology og Ytre kunstfagskole. Silja er sjølvstendig næringsdrivande og for tida busett i Oslo.

I botn har Silja god teknisk kompetanse som «dotter som fiksar TV-en/mobilen/internettet».

Les meir om Silja på heimesida hennar, Facebook og LinkedIn.


Ingvild Steinsvik Mork

Ingvild er utdanna Art Director ved Westerdals School of Arts, Communication and Technology. Ho har jobba i over 20 år i reklame- og kommunikasjonsbransjen for fleire reklamebyrå og som freelancar. Ingvild er ei “potet” som tek varierte oppdrag innan design, illustrasjon og kommunikasjon. Ho bur for tida på Bjørke i Volda.

Ingvild har elles lang erfaring med å fjerne virus på slektningar sin laptop samtidig(!) som ho viser dei korleis dei skal bestille ei bukse på nettet utan å verte svindla.

Les meir om Ingvild på heimesida hennar, Facebook og LinkedIn.