Kursa våre

Vårt første kurs er i Ulsteinvik laurdag 25. februar. Det kan du lese meir om ved å bla deg nedover sida. Vil du at vi skal halde kurs nær der du bur? Vi held til på Sunnmøre og i Oslo, men er mobile. Er det eit tema innan design eller marknadsføring du gjerne vil ha kurs om? Vi kan litt av kvart, så det er berre å spørje oss. Er du med i ei foreining, eit firma eller ei gruppe som kunne tenke seg eit eige kurs? Vi kan tilpasse tema og nivå etter ditt behov.

 AKTUELLE KURS:

Laurdag 25. februar | Ulsteinvik

Promoter hobbyen eller produktet ditt i sosiale medier

Har du ein hobby, ein lidenskap eller ei lita bedrift du vil vise fram på sosiale medier? Kanskje ønskjer du berre å synleggjere det du driv med, kanskje ønskjer du å tene på det – eller  ønskjer du mest av alt å møte ein triveleg gjeng over ein kaffi og lære noko nytt medan?


Våre kurs er heilt utan karakterar og krav. Anten du skriv dikt, syr, snikrar, tek bilete eller har noko anna du vil formidle vil vi hjelpe deg å verte meir synleg på sosiale medier. Ikkje berre det, vi vil at du skal få fram det som er unikt med deg og det du viser fram.

Vi fokuserer på Facebook og Instagram denne laurdagen – men er opne for spørsmål om andre sosiale medier også. Vi brukar minst muleg tid på å stå og forelese, men mykje tid på leike. Det vert praktisk tilnærming der vi hjelper individuelt og i grupper – alt ettersom kva de ønsker å fokusere på eller står fast med.
 
Nivå:
Nybyrjarar er velkomne. Kurset passar også for deg som har middels peiling på sosiale medier, mobil og data.

Du lærer mellom anna å leike deg med:

  • Idéutvikling og kreative triks for innhaldsproduksjon

  • Historieforteljing og seljande tekster

  • Enkel fotografering og filming med mobilen (portrett og produkt)

  • Å redigere bilete og videoar på mobilappar

  • Inspirasjon frå bedrifter og personar som gjer det bra på sosiale medier

  • Å bruke #hashtags og å tagge andre kontoar

  • Korleis du skal få fleire følgjarar


Du får:

  • Publisert minst eitt innlegg og ei historie denne laurdagen

  • Hjelp til å opprette bedriftsprofil på Instagram og Facebook om du ikkje har dette

  • Meir teknisk kunnskap (og sjølvtillit)

  • Vite skilnaden på innlegg og historie – og når du bør bruke desse

  • Nye følgjarar og eit større nettverk på sosiale medier – ja, kanskje nye venner?

  • Flotte foto og videoar å leggje ut

  • Mengder med inspirasjon

  • Motivasjon og råd til vidare arbeid

  • Kake og kaffi!


Du bør ta med:

  • Mobil (med kamera)

  • Laptop

  • Om du har: Eitt eller fleire foto av produkta dine (eller tekstdokument med dikt el.)

  • Nistepakke (vi byr på kake og kaffi!)

Om du ikkje har laptop, ta kontakt med oss så ser vi korleis vi kan løyse det.

Tid og stad:
Skaparhuset, Sjøgata 30 i Ulsteinvik, laurdag 25. februar frå kl. 10-16. Kurset varer i 6 timar, med ein halvtimes lunsjpause og elles pauser ved behov.

Pris:
Kr 1200,- per deltakar (kaffi og kake inkludert).

Påmelding og betalingsmetode:
Vi har avgrensa mengde plassar. Meld deg på innan fredag 24. februar kl. 16.00 ved å maile oss på info@datastyr.no eller å fylle inn kontaktskjemaet. Du er påmeldt når du har sendt skjema eller mail og fått svar, du MÅ ikkje bruke betalingsløysinga. Vi svarar på mail seinast neste vekedag.

Du kan betale kurset med kort nedst på denne sida, eller Vippse oss på kursdagen. Dersom du har eit firma kan vi sende deg faktura om du har behov for det. Uansett - det ordnar seg! :)

Har du spesielle ønske om kva vi skal gå inn på? Skriv også gjerne om dette når du tek kontakt. Vi sender ut ei påminning og litt info på mail nokre dagar før kurset.

Påmelding

Ja, eg vil vere med på kurs og melder meg herved på!

Betaling

Her kan du betale kurset med kort. Om du ikkje ønskjer, eller ikkje får gjennomført betaling med kort, frykt ikkje - vi ordnar det på kursdagen. Vi tek Vipps, eller hjelper deg med kortbetalinga!

Promoter hobbyen eller produktet ditt i sosiale medier
1 200,00 kr
Antall:
Legg til i handlevogn